Sosiale medium som presentasjonsverkty

Eg fekk forleden ein idé om å bruke sosiale medium som presentasjonsverkty – både under forelesningar og temapresentasjonar i skulesamanheng. Eg ser for meg fleire måtar å gjere det på, og det kan vere ein måte å gje publikum større medverknad i forelesninga.

Her er sjølvsagt mange fallgruver – spesielt for ei yngre målgruppe er det stor sjanse for at slike løysingar er forstyrrande på mottakaren, og det er ikkje garantert at målgruppa er registrert på dei forskjellige sosiale nettverka som kan brukast. Men om ein er innanfor dei rette kretsane, og ein har planlagd opplegget så godt som naudsynt: ville det vere mogleg å bruke sosiale medium som presentasjonsverkty?

Implementasjonen er viktig. Det som gjer sosiale medium relevant i det heile er den sosiale biten. Om ein til dømes brukar Twitter, kan ein dedikere ein hashtag til det aktuelle temaet. Slik kan du svare på spørsmål som blir stilt gjennom Twitter, utan at publikum forstyrrar forelesninga. Du kan stille spørsmål og foreta undersøkingar direkte til publikum, utan at det merkast. Om du i tillegg har med deg ein partner som kan administrere dette parallelt, kan du få to presentasjonsmåtar samtidig, som gjer at folk som lærer på forskjellige måtar, får utbytte av det.

Ein kan også bruke plugins og spesiell programvare til å gjere presentasjonen meir saumlaus. Det finnast innstikk til både Keynote og Powerpoint som kvitrar presentasjonsnotata dine når du går til ein ny slide – med eigen hashtag som publikum kan følge. Då kan publikum svare på og omkvitre eit lysbilete, og så gjere presentasjonen meir dynamisk. I tillegg kan fleire få nytte av det du har å seie, og om temaet er interessant, kan debatten halde fram etter forelesninga. I tillegg er det ei ypperleg moglegheit til å leggje ved kjelder, fordjupingsstoff og langversjonar av det du har sagt.

I tillegg kan det vere interessant å inkludere det folk har sagt i din eigen presentasjon. Det finnast også verkty for til dømes henting av alle dei siste kvitter for ein hashtag inn i ein Powerpoint-presentasjon. Her finn du mange verkty som kanskje kan kome til sin rett i ein eller annan samanheng.

Ein treng ikkje eingong å benytte seg av konvensjonelle presentasjonsverkty. Eg veit at til dømes presentasjonsverktyet Prezi har brutt mange av konvensjonane for presentasjonar. Ein presentasjon treng ikkje å vere svart tekst på kvit bakgrunn (eller omvendt). Om ein har den nødvendige kompetansen, og klarer å utnytte den rett, kan ein lage ein presentasjon med alle slags digitale verkty. Eg som webdesigner ser uante moglegheiter ved bruk av til dømes sosiale medium som Twitter og Facebook – medan andre ser potensiale i film, Photoshop eller animasjonar.

Ein må imidlertid passe seg. Det er ikkje alltid like kult å setje inn Twitter i presentasjonen sin. Men opnar temaet for debatt, og du har eit stort nok publikum, kan det vere spennande å prøve seg fram med dynamiske og spennande løysingar. Det einaste eg eigentleg ber om er at du utfordrar deg sjølv, og gir opp clip-art, kvite bakgrunnar og Arial (eventuelt Comic Sans MS) som skrifttype.

Nyttige WordPress-plugins

Eg har hatt ein del pågåande prosjekt i WordPress siste tida, og har leita etter plugins til å løyse mangt eit problem som har dukka opp. Her kan du sjå nokre av innstikka eg har funne i løpet av dei siste månadene som kan vere verd å merke seg bak øyra.

Contact Form 7 Textarea Word Count
Eg er ein innbitt tilhengjar av Contact Form 7 til innsending av kontaktskjema, både til meg sjølv og klientar. Heilt sidan eg for lenge sidan vart introdusert til WordPress, har CF7 vore det ultimate innstikket til skjemabehandling. Eg møtte derimot nyleg på behovet for å begrense eit tekstfelt etter antal ord. Til det finnast innstikket Contact Form 7 Textarea Word Count. Du kan laste det ned her.

Under Construction
Når eg arbeider med ei nettside er det ofte i WAMP på min eigen PC. Når eit prosjekt nærmar seg slutten overfører eg ofte arbeidet til kundens domene for å kunne kontrollere at alt fungerer som det skal. Då er det ofte lurt å arbeide utan at nettsida er tilgjengeleg for massene. «Under Construction» tek ned nettsida for alle som ikkje er logga inn, og slik kan alle som arbeidar med nettstaden gjere det utan å avsløre sida før offisiell lansering. Smart. Du kan laste det ned her.

Widgets on Pages
Dette er eit lite innstikk som gjer akkurat det den tilseier. Du får eit nytt sidepanel på widget-sida, der du kan leggje innstikk. Til dette sidepanelet får du ein såkalla «shortcode», som du kan leggje inn kvar du vil på ei side eller eit innlegg – og det blir som eit dynamisk sidepanel på sida. Smart om du vil ha funksjonalitet på ei side, som du veit om det perfekte innstikket til. Du kan laste det ned her.

WP Scheduled Themes
Eg ser også potensialet for dette innstikket. Ein kan til dømes lage ein nettstad som forandrar bakgrunn eller annan utsjånad basert på kva månad/årstid/tema det er, dersom det er fastsett i tid. Du kan også planleggje eit redesign og gjere det ferdig dagar i førevegen, slik at nettsida ikkje er nede timane før redesignet (som gjer at ein ofte mistar potensielle besøkarar her). Du kan laste det ned her.

Pierre’s Wordspew
Om du har behov for ei chatboks, er dette ikkje eit dumt alternativ. Eg brukte mellom anna denne på nettstaden til ModusLAN 2012. Om du vil bruke den til support eller shoutbox, er denne lett å kustomisere med eigen CSS, og den kan modererast av brukarar med høge nok rettigheiter. Den oppdaterar seg også på direkten, og støttar bilete og WordPress-brukarar. Du kan laste den ned her.

Problem med å logge inn på skulenettet?

Been there, done that. Dette er kanskje mest relevant for elevar ved Volda VGS, sidan eg ikkje har testa korleis pålogging fungerer andre stader. Hjå oss oppstår det ofte problem til dømes når PC’en går ut frå ventemodus. Det kan kanskje vere fordi PC’en trur den framleis har internett, sidan den gjenopptar nøyaktig den same sesjonen når den slår seg på – medan Cisco-pålogginga har utgått.

Då må vi manuelt fornye IP-adressa, ved å bruke desse kommandoane i kommandovindauget:

ipconfig /release
ipconfig /renew

Det kan du gjere sjølv. Om du ikkje gidd (eller får til) å gå inn i cmd og gjere det sjølv, kan du laste ned denne fila som du kan klikke på (Windows), så gjer den det sjølv. Last den ned og kjør den når nettet er «øydelagt».

Last ned her: http://bit.ly/wHuoi3

Godt nytt år

Det er snart 2012, året vi fryktar blir verdas undergang, men så uheldige tvilar eg på vi er (hundre år fram i tid byrjar vi heller å snakke). I tittelen her skreiv eg «Godt nytt år», men ingen blir nokon gong einige i debatten om korleis det skal skrivast. Skal det vere store eller små bokstavar, eller skal det vere «nyttår» eller «nytt år»? Her er ein av tusen diskusjonar rundt dette. Korrekturavdelinga har derimot funne fram til det dei meiner er den riktige forma.

No rundt nyttår er det alltid snakk om nyttårsforsett og liknande. For min eigen del trur eg ikkje det er nokon god idé. Eg trur eg heller vil byggje på suksessane frå fjoråret, og lære av feila. Om du er ein av dei som likevel vil satse på forsett, finnast det mange forslag til ting du kan prøve på. Dei typiske er sjølvsagt å slutte og røyke og gå ned i vekt, men her er  nokre andre helsegunstige forsett. Her er fleire forsett som andre har teke seg til, og her er nokre berre for menn.

Og igjen – ha eit godt nytt år!

Skyrim fanga meg

…og det betyr faktisk noko – og seier veldig mykje om spelet, som kom ut for vel ein månad sidan. Eg har forøvrig berre spelt det nokre få timar, sidan eg fekk det til jul.

Spelet heiter eigentleg The Elder Scrolls V: Skyrim, og er naturleg nok etterfølgjaren til The Elder Scrolls IV. Det er eit rollespel, og utføringa er på mange måtar lik den vi finn i World of Warcraft og Dragon Age. Det er fleire grunnar til at Skyrim gjorde eigentleg alt mykje betre enn tidlegare spel i same sjanger. Eg har prøvd rollespel tidlegare, men den komplekse naturen i dei har gjort at eg ikkje har falt for nokon av dei. Før no.

Ein av grunnane til at Skyrim appellerte til meg på ein heilt annan måte enn andre spel er grafikken og realismen kombinert. At spelet tek føre seg miljø som har eit forholdsvis realistisk størrelsesforhold gjer at eg kan tru på det som blir fortald – ikkje i den forstand at eg byrjar å sjå på dragar og frosttroll som kvardagskost, men heller som i at det unormale blir meir truverdig i ein realistisk setting. Samtidig har Skyrim lagd lista for rollespel grafikkmessig.

Vidare har Bethesda gjort nokon grep som har fungert veldig godt. Dei har gjort det før i Fallout-spela, men det har også der blitt litt for uoversiktleg og komplekst å navigere. HUD’en i Skyrim er mildt sagt fantastisk. Vi får ikkje noko minikart, og heller ikkje noko fastspent overlegg som stel skjermplass. Det vi får er berre det vi treng.

Då eg var medvert i Renegade Podcast snakka vi også mykje om konsollifisering, som då var utelukkande negativt. Modern Warfare 2 var eit av spela som vart forenkla til fordel for konsollspelarar. Då hadde eg ingenting imot det, for det pressa utviklarar til å jobbe for å lage enkle løysingar. I Skyrim ser vi akkurat det same. Alle handlingar gjerast med nokre få knappar rundt WASD-knappane, slik at ting faktisk går fort. Bort med alle hotkeys og hot-switch mellom forskjellige våpen. I Skyrim endrar vi våpen ved å gå inn på «items-menyen», eller ein favorittmeny for hurtig bytting. Her får vi full kontroll, og tid til å tenke strategisk.

Noko som sist men ikkje minst har overtala meg til at Skyrim er verd å bruke tid på, er at eg var innstilt på at det kom til å ta lang tid. Eg har tidlegare vore så stressa at tanken på eit stort rollespel var altfor forpliktande, samtidig som eg var redd for at desse timane – og altså spelet – ikkje kom til å innfri. Med Skyrim visste eg at det var bra. Alt var bra. Du lurer kanskje på kvifor eg sit her og skriv om Skyrim framfor å spele det. Svaret kjem her.

Nokre bilete kjem etterkvart, av same årsak som at eg ikkje får spele Skyrim akkurat no.

Twenty Eleven

Før nokon reagerer sterkt på mitt nye val av tema på bloggen min vil eg gjerne forsvare dette valet. Eg trur nemlig eg aldri har hatt ein blogg med eit standardtema, og i hvert fall ikkje noko kjipt, halvflashy og generisk gratistema. No har eg derimot bytta til Twenty Eleven.

Det er fleire grunnar. Den første og truleg den mest vegande er «Fuckit»-faktoren. Eg har anna å bruke tid på akkurat no enn å modifisere og fikse opp temaet på bloggen min, og utan at det skal fungere som ei unnskyldning, verkar eigentleg standardtemaet veldig sofistikert – fokus på innhaldet, ikkje sant?

Vidare er det naturlegvis mykje enklare å bruke standardtemaet, for meg og for alle. Eg får vie meir tid til klientarbeidet, eg får meir tid til skulearbeid, og eg får meir tid til å skrive innlegga her framfor å formatere dei.

Eg seier heller ikkje nei takk til innspel om kva du synest om standardtema på bloggar, bortsett frå at dei ikkje nødvendigvis er svært pene, og heller ikkje skil seg særs godt ut. Som ei fotnote kan eg seie at eg mest sannsynleg snart går over på eit anna tema – igjen.

PS: Eg synest eigentleg Twenty Eleven er litt pent også.

Gratulerer!

Eg vil nytte anledninga til å gratulere kjærasten min Susanne med inngangsbillett til polet, servering på russefestar og berre generell sosial anerkjenning. I går var det familieselskap, og vi hadde det kjekt og spelte Kinasjakk.

Om ei veke seier du «velkommen etter til dei vaksne sine rekkjer». Eller var det kanskje så cheesy at du ikkje gjer det?

Gratulerer med dagen! <3

Noreg skyr podcasting

Eg har høyrt på podcastar ei stund. Eller, eg spelar dataspel, så det var temaet eg valde å finne podcastar til. Valet mitt innanfor spelpodcastar var på det tidspunktet veldig enkelt. Det var dei store spelnettstadene rundt omkring i verda som hadde eigne regelmessige podcastar. I Noreg var fenomenet ikkje-eksisterande. Dei norske spelredaksjonane har alle prøvd å lage podcastar, og til og med Spaceworld i Noreg har gitt det eit forsøk. Felles for dei alle er at dei ikkje er berekraftige på den norske marknaden.

Kva er eigentleg norsk podcast-marknad? Svaret vil vere veldig kombinert. Om vi skal følge iTunes sin definisjon, vil norsk podcast-marknad definerast som tidlegare episoder av Radioresepsjonen og ymse andre radioprogram. Ja, NRK skal ha all kreditt for å ha omfamna podcasting i Noreg. Det er berre synd at ingenting av materialet er laga nettopp for podcasting. Det eg umiddelbart forbinder med podcasting er show/program laga for distribusjon på nettet, og store aktørar har enno ikkje turt satse på dette. Sjølv om det er godt meint, og mange brukar NRK sine podcastar, øydelegg det for uavhengige podcastar. Det er synd.

Eg kjenner til denne historia sjølv. Eg har bak meg over eitt år som podcast-host, og heile perioda var det ein konstant kamp for å få eksponering. Målgruppa finnast, og tru meg, det finnast folk som vil høyre i ein time på kvalitetsprodusert innhald om noko dei er interessert i. Men å kome i søkelyset er ikkje lett. Folket veit ikkje kva podcasting er. Ikkje sjeldan spurte folk kva det var når eg fortalde eg dreiv ein podcast. Og kva skal ein seie? Radio distribuert på internett? Andre igjen hadde høyrt om NRK sitt tilbod.

Det er klart, podcasting er ein plattform – ein måte å distribuere lyd digitalt. Bransjen som har dukka opp i kjølvatnet av denne teknologien, dei uavhengige programma som no får ytra sine meiningar på ein ny måte, utan kostnadar, det er desse som blir slukt. Men kva kan ein gjere? Er podcasting ein tapt sak i Noreg?

Eg trur ei langsiktig løysing vil vere at fleire aktørar byrjar med podcasting, og legg til side ressursar for å gjere podcastar til eit sjølvstendig produkt, slik mange har gjort i USA og mange andre stader i verda. Uavhengige podcastar bør halde fram og ikkje gi opp. Kjem ein gjennom nålauget kan ein truleg klare seg, om enn berre på pågangsmot. Kanskje burde det vore eit paraplyorgan som kunne bringe den uavhengige podcastbransjen fram i lyset? Noko bør gjerast.

Når det kjem til norske podcastar eg ser det som verdt å sjekke ut, vil eg nemne Nerd Alert, ein podcast som starta opp i fjor vår, og Rad Crew, ein litt nyare podcast som siste tida har auka enormt i omfang. Og om du vil, kan du sjekke ut Renegade Podcast, som eg var ein del av fram til juni i år. Om du tør.

Nokre endringar på nettsida

Eg har no hatt denne «bloggen» sidan juli, og sidan eg først gjorde den ferdig, har eg ikkje gjort nokon endringar. No har eg endra litt på designet, slik at den kanskje blir litt meir spennande – og kanskje også enklare.

Eg har lagt til «post thumbnails»-støtte til kvar artikkel i WordPress, slik at kvar artikkel kan få eit hovudbilde tilknyta. Kanskje gjer det bloggen litt meir visuell. Eg har også lagt til meir luft og fjerna trange element. Den store, oransje, og delvis skeive header-blokka er der framleis, men eg forskar på andre løysingar. Eg vil likevel behalde oransjfargen, sidan eg likar fargekombinasjonen på sida.

Mitt nye lenkjebasseng

Eit lenkjebasseng? I det siste har eg tenkt mykje på kva eg skal gjere med stoff eg ikkje har rukke å lest gjennom, og organisering av ressursane eg deler av andre. Eg har smått brukt Instapaper til å lagre artiklar, men problemet er at eg aldri kjem på å gå inn på Instapaper for å lese desse. Difor snekra eg saman dette bassenget. Og det er eigentleg uhyre enkelt.

Eg brukar WordPress på botnen med eit modifisert Starkers-tema over. Slik slapp eg å gjere spesielt mykje programmering i PHP. Etter det brukte eg If This Then That til å samle inn lenkjer eg postar på Twitter og Facebook. Eg lagar også ein snarveg for meg sjølv å poste nye lenkjer her.

Dette var berre noko eg kom på i farta i natt, og slengte saman på ein times tid. Eg vil kanskje finpusse på sida ei stund framover. Bassenget kan du sjå her.